2. januar 2013 - Norsk mote
Dei siste åra er fleire komne til, godt hjelpte av Oslo Fashion Week, som starta opp i 2003. Modellane som er viste på frimerka, er skapte av Nina Skarra og Camilla Bruerberg.
Nina Skarra kom for alvor i søkjelyset i media hausten 2012. Då fekk ho som første skandinav vise kolleksjonen sin under New York Fashion Week. Dette årlege arrangementet er ei av dei største og viktigaste motehendingane i verda.
Her var ho i godt selskap, med tungvektarar som m.a. Alexander Wang, Marc Jacobs og Ralph Lauren. Å få vise kolleksjonen sin for ei heil moteverd i New York opnar mange dører. I dag er Nina Skarra representert med eigen design i moteforretningar i London, New York og Paris, for ikkje å snakke om i garderobeskåpet til skodespelaren Angelina Jolie og kronprinsesse Mette-Marit.
Skarra er utdanna ved University of Arts i London. Gjennom klesmerket Nina Skarra har ho gitt modellane sine ein miljøprofil, og ho har inngått samarbeid med FN om utvikling av en berekraftig tekstilindustri.
Camilla Bruerberg har gjennom klesmerket C/BRUERBERG hausta stor fagnad for herremoten ho designar. Design for sjølvsikre menn, menn som ikkje er redde for å skilje seg ut, seier ho sjølv. Ho nyttar mykje ull og silke og har ein forkjærleik for strikkeplagg, gjerne laustsitjande og romslege. Ho er heller ikkje framand for å la menn vise berr hud, gjennom transparente klede.
Camilla Bruerberg er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho hentar mykje inspirasjon gjennom samarbeid med norske musikarar og kulturinstitusjonar, som Morten Harket, bandet Röyksopp og Det Norske Teatret.
Fakta
NK 1835-1836
Utgjevingsdag: 2. januar 2013
Verdiar og motiv:
Kr 15,00: Nina Skarra (ill. Esra Røise)
Kr 15,00: Camilla Bruerberg
Design: Kristin Granli
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print