11. januar 2016 - Harald V Konge i 25 år
I meldinga frå den nye kongen til statsrådet heitte det: «Det er min plikt å meddele statsrådet at min kjære far, Hans Majestet Kong Olav V, er avgått ved døden den 17. januar 1991 kl. 22.20, og at jeg som Norges Konge i kraft av Grunnloven har tiltrådt Regjeringen. Jeg vil føre navnet Harald V og antar samme valgspråk som min far og bestefar valgte: ‘Alt for Norge’.»
23. juni 1991 blei Kong Harald V og Dronning Sonja signa som norsk kongepar i Nidarosdomen. I samband med signinga la det nye kongeparet ut på ein ti dagars tur med tog og bil til Trondheim, og deretter ned att langs kysten med Kongeskipet «Norge» tilbake til hovudstaden.
Året etter signingsferda fór kongeparet opp til dei tre fylka lengst i nord, og vitja heile 48 kommunar på tre veker. No, 25 år seinare, kan vi seie at kongeparet har reist meir i Noreg og helsa på fleire nordmenn enn nokon kongelege tidlegare. Dronning Sonja kjenner den norske fjellheimen betre enn dei fleste, og har utmerka seg som dyktig naturfotograf.
Ved årets regentjubileum kan vi trygt slå fast at kongen og dronninga kjenner sitt land og folk særs godt, og at dei alltid vert tekne mot med glede når dei kjem på besøk.
Fakta
NK 1927
Utgjevingsdag: 11. januar 2016
Verdi og motiv: Kr 17,00:
Signinga av kong Harald 13. juni 1991
Foto: © Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix
Design: Jørn O. Jøntvedt
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print