10. november 2017 - Høyrsel og språk
Etter eit studieopphald i Danmark stifta læraren Jacobine Rye i 1917 ei velforeining for tunghøyrde i Kristiania. Tunghørtes Vel, seinare Norges Hørselvern, går i dag under namnet Hørselshemmedes Landsforbund. HLF er den største høyrselsorganisasjonen i verda, med over 62 500 medlemmer. Dei arbeider opp mot politikarar og styresmakter med eitt mål for auge; å gjere kvardagen enklare for dei høyrselshemma.
Norges Døveforbund vart stifta 18. mai 1918 og har i dag nærare 2 800 medlemmer fordelt på 22 lokallag og to fylkeslag. Organisasjonen skildrar seg sjølv som ein språkpolitisk organisasjon «for tegnspråklige og arbeider for å styrke norsk tegnspråks stilling på alle områder i samfunnet». Det overordna målet til Døveforbundet er å oppnå full deltaking og likestilling i samfunnet for døve og høyrselshemma.
Fakta
NK 1970-1971
Dato: 10. november 2017
Verdiar og motiv: Kr 20: Tomme snakkebobler Kr 20: Det internasjonale teiknet for «eg elskar deg»
Design og illustrasjonar: Trond Nordahl
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print