21. april 2017 - Riksarkivet 200 år
Etter at Riksarkivet flytta frå Akershus festning i 1866, har det halde til fleire stader i hovudstaden fram til 1978. Då flytta det inn i permanente kontorlokale og fekk eit stort fjellmagasin ved Sognsvann i Oslo.
I dag dekkjer dette kollektive nasjonale minnet vel 260 kilometer med hyller fulle av historia vår. Noko av det siste store materialet som Riksarkivet har teke vare på for ettertida, er minnematerialet etter 22. juli 2011, ikkje minst materialet som fortel om born sine reaksjonar på det som hende.
Riksarkivet og Arkivverket står midt oppe i ein omfattande tilpassingsprosess for å sikra at dei kan oppfylla samfunnsoppdraget også i framtida. Tekniske løysingar og arkivfaglege arbeidsmåtar endrar seg stadig fortare i tida vi lever i.
Riksarkivet er det kollektive nasjonale minnet vårt, staden der alt som kan fortelja om livet i Noreg, er samla og teke vare på.
Fakta
Nummer: NK 1958
Motiv: Dokument
Design: Jørn O. Jøntvedt
Foto: © Riksarkivet
Verdi: Kr 36,00
Opplag: 300 000 frimerke
Utgjeve i: Ark à 50 frimerke
Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland