Kronprinsparet 50 år
Les mer om frimerkeutgivelsen i VG
I NRK Radio sin portrettserie «Sommer i P2» fortalde kronprins Haakon om det første møtet med Mette-Marit i 1999 og kvifor han fall for ho:
– Den lyse sørlandsjenta gjorde inntrykk på meg. Du merkar godt når Mette kjem inn i eit rom. Det er ei kraft der som ikkje er så lett å oversjå. Ho verka sjølvsikker og verdsvan. Og var fin å prate med. Det kjentest trygt når vi var saman.
![2101.jpg](/frimerker-til-samling/arkiv-frimerkeprogram-2023/14-juni-2023-kronprinsparet-50-aar/_/image/9edc8c12-6460-4200-8dc4-f0d044e520fc:24452baf585451c41ed8f138d5ddc5806e28a61d/width-768/2101.jpg)
Kronprinsesse Mette-Marit roste ektemannen og beskreiv han slik:
– Han såg meg. Han forstod meg. Han var nysgjerrig. Og han heldt meg.
![2102.jpg](/frimerker-til-samling/arkiv-frimerkeprogram-2023/14-juni-2023-kronprinsparet-50-aar/_/image/d4b13dbc-3013-4974-a6e6-b0f30beaf195:069c037389aa5ebdfec04f60fdafecf4238d60b2/width-768/2102.jpg)
Kronprinsparet fekk ei dotter i 2004, prinsesse Ingrid Alexandra, som i kraft av å vere kronprinsen sitt eldste barn er arveprinsesse og nummer to i arverekka til trona, etter sin far. I 2005 fikk kronprinsparet det andre felles barnet, prins Sverre Magnus. Kronprinsen er òg stefar til Marius Borg Høiby, som kronprinsessa har frå eit tidlegare forhold. Kronprinsfamilien bur på Skaugum i Asker.
Fakta
- NK 2101-2102
- 14. juni 2023
- Motiv: Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit
- Illustrasjonar: Trond Bredesen
- Design:Camilla Kvien Jensen
- Verdiar: kr 23 (innland 20g)
- Utgjevne i: Rull á 100 frimerke (50 i kvart motiv)
- Opplag: 1 528 150 frimerke i kvart motiv
- Trykkmetode: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland