7. november 2024 - Blodgjeving/organdonasjon

Ville du takka ja til eit nytt organ om det kunne redde livet ditt? Organdonasjon er basert på frivilligheit og altruisme – det same er rolla som blodgjevar.  I 2024 er det 20 år sidan WHO innførte Verdas Blodgjevardag. Mange livsviktige medisinar og behandlingar som vi tar for gjeve, finst takk vere menneske som frivillig set av tid og bokstaveleg talt gjev av seg sjølv.

Det finst nemleg inga erstatning for blod. Blod er eit levande materiale, og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ein ikkje framstille blod kunstig – det må gjevast. Difor er vi heilt avhengige av blodgjevarar for at helsevesenet skal fungere. Blodgjevarar er livsviktige for helsetilbodet i Noreg. Og det er behov for mange nye blodgjevarar kvart år, for å erstatte dei som ikkje lenger kan gje blod grunna alder, sjukdom, medisinbruk eller liknande. 

NK 2130



Éin donor – sju liv
Organdonasjon er for mange einaste utveg frå ein dødeleg sjukdom. I Noreg står det til ei kvar tid mellom 400 og 500 menneske på venteliste for eit nytt, livreddande organ. Éin avdød donor kan redde opptil sju liv.
Det er tre gongar større sjanse for at du vil trenge eit nytt livreddande organ, enn at du sjølv donerer organ. Om organtransplantasjon skal fortsetje å vere eit behandlingstilbod, er det viktig at så mange som mogleg tar eit aktivt standpunkt til om dei vil gje.

NK 2131


Kvart år opplever mange å miste ein familiemedlem, og om organdonasjon skulle bli aktuelt, vil legen spørje dei pårørande om kva den avdøde ønskte. Veit ein ikkje dette, er det opp til dei pårørande å ta avgjerda om organdonasjon. Difor er det viktig at kvar og ein informerer sine nærmaste medan ein lever, slik at familien slepp å ta avgjerda for dei.
 

Fakta

  • NK 2130-2131
  • 7. november 2024
  • Motiv: Blodgjeving, organdonasjon
  • Design: Sandra Blikås
  • Verdiar: Kr 29 (innland 50g) x 2
  • Storleik: 25 x 45 mm
  • Utgitt i: Rull à 100 frimerke (50 av kvart motiv)
  • Opplag: 160 000 av kvart frimerke
  • Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland