7. november 2024 Julefrimerker

Julefrimerke laga av barn og kunstig intelligens.

Les Postens pressemelding

Kva om barn, i staden for ein kunstnar eller designer, fekk lage julefrimerka? Og kva om borna fekk lage frimerka ved hjelp av kunstig intelligens (KI)? 
Dette var to av spørsmåla Posten stilte seg då planlegginga av årets julefrimerke byrja. I desember i fjor utfordra vi difor to sjetteklassar ved Drøbak skole til å bruke dette verktøyet til å lage årets julefrimerke. Og det mangla ikkje på kreativitet og engasjement! Nissen som rir på ein dinosaur, einhjørningar og kattar med juledress og lyssverd var nokre av forslaga som vart omgjorde til bilde.

NK 2132

 

Vi omgjev oss i større og større grad med kunstig intelligens. Tale- og bildegjenkjenning og appar på smarttelefonen som prøver å forutseie kva vi ønskjer å gjere, er døme på kva vi omgjev oss med til dagleg. Utviklinga går rasande fort, og samstundes oppstår spørsmålet om etikk. Kven er ansvarleg dersom bruk av kunstig intelligens skadar nokon? Selskapet som har selt teknologien, utviklarane eller ligg skulda hjå data som vart brukte til å trene opp den kunstige intelligensen?

NK 2133


-Kunstig intelligens kjem nok ikkje til å ta over designen av frimerka våre i overskueleg framtid. Frimerka våre skal framleis lagast av norske formgjevarar, men det ligg i Posten sitt DNA å utforske ny teknologi, og det har vore interessant å sjå korleis KI kan vere eit verktøy for bildegenerering og frimerkeutvikling, seier frimerkedirektør Halvor Fasting.
 

Fakta

  • NK 2132-2133
  • 7. november 2024
  • Motiv: Snømann på ski, hund på kjelke
  • Utforming: Elevar fra Drøbak skole med hjelp av kunstig intelligens
  • Design: Camilla Kvien Jensen
  • Verdiar: Kr 23 (innland 20g) x 2
  • Utgitt i: Hefte à 10 frimerke (5 av kvart motiv)
  • Opplag: 710 000 av kvart frimerke
  • Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland