24. april 2025 Arkeologiske oppdagingar (Europafrimerker)

Arkeologiske funn blir stadig eldre.

Frimerkene offentliggjøres på utgivelsesdagen 24. april.

Klimaendringar fører til raskare smelting av isbrear, noko som avdekkjer stadig eldre arkeologiske funn – nokre heilt tilbake til bronsealderen. I Lom har Noregs eldste sko smelta fram, og i 2019 vart eit hundeskjelett frå 1500-talet funne på breen mellom Lom og Skjåk. På Norsk fjellsenter i Lom er 100 av dei flottaste funna utstilte, inkludert opptil 6100 år gamle pilspissar. Eit forbløffande funn er ei 3600 år gamal pil med spiss av elvemusling, funne i Jotunheimen. Denne pila er den best bevarte av sitt slag i Noreg og har fått merksemd internasjonalt. 
I 2014 vart ei nesten komplett ski frå 700-talet funnen ved Digervarden i Reinheimen nasjonalpark. I 2021 var den andre skia funnen, og såleis er verdast best bevarte historiske skipar komplett. Funnet reiser spørsmål om lagnaden til skiløparen og kvifor skia vart etterlatne.
Arkeologiske funn hamnar i isen fordi menneske i fortida jakta rein på isen og kryssa fjellområde dekte av is. Gjenstandar som vart mista eller kasta, er blitt bevarte i isen. Isen fungerer som eit gigantisk fryselager, men når han rører på seg, kan han øydeleggje funna. Difor er funn frå brear ofte frå nyare tid.